Traktorgarasje

Hei,

Vi må få på plass ei rutine for klipp avstripa vår på krøvelseidet – Vi treng ei garasje til plentraktoren vår slik at ein ikkje er avhengig av bil med hengerfeste kvar gong graset treng klipp.

Vi har til no eit budsjett på 0 kroner, og må prøve å strekke det så langt som vi klarer.

Eg og Inge har diskutert, og kome fram til at Europall er bra saker. Det er fullt mulig å få tak i gamle paller rundtom. 

Eg har laga eit raskt utkast til ei garasje på 2,4 x 2 meter med takhøgde på 2 meter. Slik garasja ser ut på bildet (uten endevegg og port) så treng vi 18 europaller og 30 meter med 2×4″. Til endeveggen treng vi 6 paller til, og vi treng sikkert 20-30 meter med 2×4 til stenderverk i veggane.

Den er her tegna med takplater og 10 grader helling. Dette kan vi sjølvsagt justere slik vi vil. 

Sidan vi bruker pallane ståande, så får vi mykje plank «gratis» til bordkledning – vi treng berre å slå på ytterste laget med plank.

Dette er berre ei rask skisse, det meste av detaljer mangler. Om der er nokon i klubben med erfaring frå bygg så er det berre å melde seg – Eg tek gjerne imot tips til konstruksjonsmåte.

Dette kan bli bra om vi pynter til slutt med hjørnebord, vindskeier og billig beis. 

mvh

Jogeir Emil

 

 

Oppdatering 09.02.2019

Eg har tegna inn vindskeier og bordkledning i skissa.

Vi har ei døråpning på omlag 1,2 meter, akkurat nok til å få inn klipparen.

Der blir også plass til oppbevaring av utstyr til stripa.